< Salmenes 87 >

1 Av Korahs born; ein salme, ein song. Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli, 2 Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader. 3 Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. (Sela) 4 «Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.» 5 Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast. 6 Herren skal telja soleis, når folki vert uppskrivne: «Denne er fødd der.» (Sela) 7 Og dei som syng og dei som dansar, skal segja: «Alle mine kjeldor er i deg.»

< Salmenes 87 >