< Salmenes 84 >

1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme. Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott! 2 Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud. 3 Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud! 4 Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. (Sela) 5 Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar. 6 Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom. 7 Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion. 8 Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! (Sela) 9 Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva! 10 For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa. 11 For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld. 12 Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!

< Salmenes 84 >