< Salmenes 82 >

1 Ein salme av Asaf. Gud stend i Guds samling; midt imillom gudar held han dom: 2 «Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? (Sela) 3 Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett! 4 Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege! 5 Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar. 6 Eg hev sagt: «De er gudar, søner til den Høgste er de alle.» 7 Men sanneleg, som menneskje skal de døy, og som ein av hovdingarne skal de falla.» 8 Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningar.

< Salmenes 82 >