< Salmenes 8 >

1 Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen. 2 Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge. 3 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand, 4 kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom! 5 Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom. 6 Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter: 7 Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki, 8 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. 9 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!

< Salmenes 8 >