< Salmenes 75 >

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song. Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under. 2 For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma. 3 Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» (Sela) 4 Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn! 5 Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!» 6 For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki - 7 men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han. 8 For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi. 9 Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud. 10 Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.

< Salmenes 75 >