< Salmenes 70 >

1 Til songmeisteren; av David; til minnesofferet. Gud, ver meg til berging! Herre, kom meg snart til hjelp! 2 Lat deim verta til skam og spott, dei som stend etter mitt liv! Lat deim vika attende og skjemmast, som hev hugnad i mi ulukka! 3 Lat deim snu for si skjemd dei som segjer: «Ha, ha!» 4 Lat deim fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa, alltid segja: «Høglova vere Gud!» 5 For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!

< Salmenes 70 >