< Salmenes 67 >

1 Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song. Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss (Sela) 2 so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar. 3 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman. 4 Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. (Sela) 5 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman. 6 Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss. 7 Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.

< Salmenes 67 >