< Salmenes 64 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla! 2 Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner, 3 som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord, 4 og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje. 5 Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?» 6 Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt. 7 Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim. 8 Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet. 9 Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei. 10 Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.

< Salmenes 64 >