< Salmenes 6 >

1 Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm! 2 Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande. 3 Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge? 4 Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld! 5 For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen? (Sheol h7585) 6 Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje. 7 Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg. 8 Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål. 9 Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn. 10 Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.

< Salmenes 6 >