< Salmenes 58 >

1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam. Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn? 2 Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender. 3 Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv. 4 Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til, 5 so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla. 6 Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor! 7 Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd! 8 Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli. 9 Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn. 10 Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. 11 Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»

< Salmenes 58 >