< Salmenes 5 >

1 Til songmeisteren, til Nehilot; ein salme av David. Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min sukk! 2 Lyd til mitt rop um hjelp, min konge og min Gud! For til deg bed eg. 3 Herre, um morgonen vil du høyre mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar. 4 For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg. 5 Dei ovmodige kann ikkje standa seg for dine augo; du hatar alle som gjer urett. 6 Du let deim som talar lygn ganga under; den blodgiruge og falske mann styggjest Herren ved. 7 Men eg vil ved di store miskunn ganga inn i ditt hus, vil med otte for deg falla ned framfyre ditt heilage tempel. 8 Herre, leid meg ved di rettferd, for deira skuld som lurar på meg, jamna din veg for meg! 9 For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i deim er ein avgrunn; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål. 10 Gud, døm dei skuldige! Lat deim falla for sine eigne meinråder, støyt deim ned for deira mange misgjerningar! for dei hev gjort upprør mot deg. 11 Men lat alle deim gleda seg, som set si lid til deg! Lat deim til æveleg tid fagna seg høgt, av di du vil verja deim; og lat deim som elskar ditt namn frygda seg i deg! 12 For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar honom med nåde som med ein skjold.

< Salmenes 5 >