< Salmenes 49 >

1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme. Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi,
In finem, filiis Core Psalmus. Audite hæc omnes Gentes: auribus percipite omnes, qui habitatis orbem:
2 både låge og høge, rik og fatig, alle saman!
Quique terrigenæ, et filii hominum: simul in unum dives et pauper.
3 Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit.
Os meum loquetur sapientiam: et meditatio cordis mei prudentiam.
4 Eg vil bøygja mitt øyra til fyndord, eg vil lata upp mi gåta til harpeljod.
Inclinabo in parabolam aurem meam: aperiam in psalterio propositionem meam.
5 Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg,
Cur timebo in die mala? iniquitas calcanei mei circumdabit me:
6 dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?
Qui confidunt in virtute sua: et in multitudine divitiarum suarum gloriantur.
7 Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for honom
Frater non redimit, redimet homo: non dabit Deo placationem suam.
8 - utløysingi av deira liv er for dyr, og han let det vera til æveleg tid -
Et pretium redemptionis animæ suæ: et laborabit in æternum,
9 so han skulde halda ved å liva for alltid og ikkje sjå gravi.
et vivet adhuc in finem.
10 Nei, han må sjå: Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.
Non videbit interitum, cum viderit sapientes morientes: simul insipiens, et stultus peribunt. Et relinquent alienis divitias suas:
11 Deira inste tanke er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn.
et sepulchra eorum domus illorum in æternum. Tabernacula eorum in progenie, et progenie: vocaverunt nomina sua in terris suis.
12 Men eit menneskje i høg vyrdnad vert ikkje verande; han er lik dyri, dei må tagna.
Et homo, cum in honore esset, non intellexit: comparatus est iumentis insipientibus, et similis factus est illis.
13 So gjeng det deim som er fulle av tru til seg sjølve, og etter deim fylgjer dei som likar deira tale. (Sela)
Hæc via illorum scandalum ipsis: et postea in ore suo complacebunt.
14 Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger. (Sheol h7585)
Sicut oves in inferno positi sunt: mors depascet eos. Et dominabuntur eorum iusti in matutino: et auxilium eorum veterascet in inferno a gloria eorum. (Sheol h7585)
15 Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. (Sela) (Sheol h7585)
Verumtamen Deus redimet animam meam de manu inferi, cum acceperit me. (Sheol h7585)
16 Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor æra!
Ne timueris cum dives factus fuerit homo: et cum multiplicata fuerit gloria domus eius.
17 For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans æra skal ikkje fara ned etter honom.
Quoniam cum interierit, non sumet omnia: neque descendet cum eo gloria eius.
18 Um han og velsignar si sjæl i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,
Quia anima eius in vita ipsius benedicetur: confitebitur tibi cum benefeceris ei.
19 so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva.
Introibit usque in progenies patrum suorum: et usque in æternum non videbit lumen.
20 Eit menneskje i høg vyrdnad, som ikkje hev vit, vert lik dyri; dei må tagna.
Homo, cum in honore esset, non intellexit: comparatus est iumentis insipientibus, et similis factus est illis.

< Salmenes 49 >