< Salmenes 46 >

1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song. Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor. 2 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet, 3 um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. (Sela) 4 Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur. 5 Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi. 6 Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna. 7 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. (Sela) 8 Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi. 9 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld. 10 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» 11 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. (Sela)

< Salmenes 46 >