< Salmenes 45 >

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik. Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn. 2 Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid. 3 Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom! 4 Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk. 5 Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar. 6 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike. 7 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør. 8 Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik. 9 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir. 10 Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus, 11 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom. 12 Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket. 13 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull. 14 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg. 15 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli. 16 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi. 17 Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.

< Salmenes 45 >