< Salmenes 42 >

1 Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born. Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud. 2 Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn? 3 Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» 4 Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum. 5 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit. 6 Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell. 7 Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg. 8 Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud. 9 Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?» 10 Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» 11 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.

< Salmenes 42 >