< Salmenes 4 >

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David. Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn! 2 De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? (Sela) 3 Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom. 4 Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! (Sela) 5 Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren! 6 Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre! 7 Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. 8 I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

< Salmenes 4 >