< Salmenes 38 >

1 Ein salme av David; til minnesofferet. Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!
A Psalm. Of David. To keep in memory. O Lord, be not bitter with me in your wrath; let not your hand be on me in the heat of your passion.
2 For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg.
For your arrows have gone into my flesh, and I am crushed under the weight of your hand.
3 Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld.
My flesh is wasted because of your wrath; and there is no peace in my bones because of my sin.
4 For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.
For my crimes have gone over my head; they are like a great weight which is more than my strength.
5 Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
My wounds are poisoned and evil-smelling, because of my foolish behaviour.
6 Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd.
I am troubled, I am made low; I go weeping all the day.
7 For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
For my body is full of burning; all my flesh is unhealthy.
8 Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
I am feeble and crushed down; I gave a cry like a lion because of the grief in my heart.
9 Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg.
Lord, all my desire is before you; my sorrow is not kept secret from you.
10 Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
My heart goes out in pain, my strength is wasting away; as for the light of my eyes, it is gone from me.
11 Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte.
My lovers and my friends keep away from my disease; my relations keep far away.
12 Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen.
Those who have a desire to take my life put nets for me; those who are designing my destruction say evil things against me, all the day their minds are full of deceit.
13 Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn.
But I kept my ears shut like a man without hearing; like a man without a voice, never opening his mouth.
14 Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
So I was like a man whose ears are shut, and in whose mouth there are no sharp words.
15 For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud!
In you, O Lord, is my hope: you will give me an answer, O Lord, my God.
16 For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»
I said, Let them not be glad over me; when my foot is moved, let them not be lifted up with pride against me.
17 For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg.
My feet are near to falling, and my sorrow is ever before me.
18 For eg må sanna mi skuld, syrgja yver mi synd.
I will make clear my wrongdoing, with sorrow in my heart for my sin.
19 Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak.
But they are strong who have hate for me without cause: those who are against me falsely are increased in numbers.
20 Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
They give me back evil for good; they are my haters because I go after the thing which is right.
21 Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg!
Do not give me up, O Lord; O my God, be near to me.
22 Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!
Come quickly to give me help, O Lord, my salvation.

< Salmenes 38 >