< Salmenes 32 >

1 Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd! 2 Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd! 3 Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen. 4 For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. (Sela) 5 Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. (Sela) 6 Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå. 7 Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. (Sela) 8 Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg. 9 Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg. 10 Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn. 11 Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de trurøkne i hjarta!

< Salmenes 32 >