< Salmenes 3 >

1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin. Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg. 2 Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» (Sela) 3 Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud. 4 Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. (Sela) 5 Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe. 6 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring. 7 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege. 8 Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! (Sela)

< Salmenes 3 >