< Salmenes 28 >

1 Av David. Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi! 2 Høyr røysti av mine audmjuke bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til din heilage høgkor. 3 Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta. 4 Gjev deim etter deira gjerning og etter vondskapen i deira verk! Gjev deim etter det deira hender hev gjort, løn deim som dei hev fortent! 5 For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp. 6 Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine audmjuke bøner! 7 Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song. 8 Herren er styrke for sitt folk, og ei vern til frelsa for den han hev salva. 9 Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød deim og ber deim til æveleg tid!

< Salmenes 28 >