< Salmenes 26 >

1 Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg. 2 Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta! 3 For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning. 4 Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk. 5 Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje. 6 Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre, 7 til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under. 8 Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur. 9 Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner, 10 som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor. 11 Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig! 12 Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.

< Salmenes 26 >