< Salmenes 24 >

1 Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det. 2 For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn. 3 Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad? 4 Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik. 5 Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar. 6 Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. (Sela) 7 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 8 Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid. 9 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. (Sela)

< Salmenes 24 >