< Salmenes 24 >

1 Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.
Prima sabbati. Psalmus David. [Domini est terra, et plenitudo ejus; orbis terrarum, et universi qui habitant in eo.
2 For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn.
Quia ipse super maria fundavit eum, et super flumina præparavit eum.
3 Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?
Quis ascendet in montem Domini? aut quis stabit in loco sancto ejus?
4 Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.
Innocens manibus et mundo corde, qui non accepit in vano animam suam, nec juravit in dolo proximo suo:
5 Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.
hic accipiet benedictionem a Domino, et misericordiam a Deo salutari suo.
6 Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. (Sela)
Hæc est generatio quærentium eum, quærentium faciem Dei Jacob.
7 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
Attollite portas, principes, vestras, et elevamini, portæ æternales, et introibit rex gloriæ.
8 Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid.
Quis est iste rex gloriæ? Dominus fortis et potens, Dominus potens in prælio.
9 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
Attollite portas, principes, vestras, et elevamini, portæ æternales, et introibit rex gloriæ.
10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. (Sela)
Quis est iste rex gloriæ? Dominus virtutum ipse est rex gloriæ.]

< Salmenes 24 >