< Salmenes 20 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg! 2 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion! 3 Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! (Sela) 4 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder! 5 Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner! 6 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand. 7 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud. 8 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. 9 Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!

< Salmenes 20 >