< Salmenes 150 >

1 Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova honom i hans sterke kvelv! 2 Lova honom for hans storverk, lova honom etter hans fulle storleik! 3 Lova honom med lurljom, lova honom med harpa og cither! 4 Lova honom med trumma og dans lova honom med strengleik og fløyta! 5 Lova honom med klingande cymblar, lova honom med ljomande cymblar! 6 Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!

< Salmenes 150 >