< Salmenes 149 >

1 Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege! 2 Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge! 3 Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither. 4 For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa. 5 Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje. 6 Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand, 7 til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi, 8 til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband, 9 til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!

< Salmenes 149 >