< Salmenes 145 >

1 Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid. 2 Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid. 3 Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg. 4 Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna. 5 Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på. 6 Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um. 7 Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja. 8 Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn. 9 Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk. 10 Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg. 11 Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna, 12 til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike. 13 Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter. 14 Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde. 15 Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid. 16 Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad. 17 Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk. 18 Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning. 19 Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim. 20 Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han. 21 Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.

< Salmenes 145 >