< Salmenes 142 >

1 Ein salme til lærdom av David då han var i helleren, ei bøn. Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren. 2 Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud. 3 Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg. 4 Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl. 5 Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.» 6 Agta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke. 7 Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.

< Salmenes 142 >