< Salmenes 141 >

1 Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg! 2 Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer! 3 Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør! 4 Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt til å gjera ugudlege gjerningar saman med menner som gjer urett, og ikkje lat meg eta av deira lostemat! 5 Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudsalve skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap. 6 Deira domarar vert sturta utfyre fjellveggen, og sjølv skal dei høyra mine ord, at dei er yndelege. 7 Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen. (Sheol h7585) 8 For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg, tøm ikkje ut mi sjæl! 9 Vara meg ifrå fella dei hev sett for meg, og snarorne til deim som gjer urett! 10 Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!

< Salmenes 141 >