< Salmenes 14 >

1 Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt. 2 Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud. 3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. 4 Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje. 5 Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt. 6 Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge. 7 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

< Salmenes 14 >