< Salmenes 138 >

1 Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov. 2 Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn. 3 Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl. 4 Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn. 5 Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor, 6 for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg. 7 Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand. 8 Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!

< Salmenes 138 >