< Salmenes 130 >

1 Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg på deg, Herre! 2 Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst! 3 Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa? 4 For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg. 5 Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord. 6 Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen. 7 Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom. 8 Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.

< Salmenes 130 >