< Salmenes 13 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Kor lenge, Herre, vil du stendigt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna ditt andlit for meg? 2 Kor lenge skal eg hava sorger i mi sjæl, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende vera upphøgd yver meg? 3 Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden, 4 so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom, » so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell. 5 Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; 6 eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.

< Salmenes 13 >