< Salmenes 129 >

1 Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel - 2 mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg. 3 På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange. 4 Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege. 5 Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion. 6 Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa; 7 slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang. 8 Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»

< Salmenes 129 >