< Salmenes 128 >

1 Ein song til høgtidsferderne. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar! 2 Det dine hender avlar, skal du njota, sæl er du, og det gjeng deg vel. 3 Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt. 4 Sjå, soleis vert den mann velsigna, som ottast Herren. 5 Herren signe deg frå Sion! sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine livedagar! 6 Og måtte du sjå born av dine born! Fred vere yver Israel!

< Salmenes 128 >