< Salmenes 127 >

1 Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt. 2 Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv. 3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn. 4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner. 5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.

< Salmenes 127 >