< Salmenes 125 >

1 Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast. 2 Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva. 3 For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender. 4 Gjer godt, Herre, mot dei gode, og imot deim som hev eit ærlegt hjarta! 5 Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!

< Salmenes 125 >