< Salmenes 124 >

1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel - 2 hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss, 3 so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss, 4 so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl, 5 so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni. 6 Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner! 7 Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan. 8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.

< Salmenes 124 >