< Salmenes 122 >

1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.» 2 Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem. 3 Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop. 4 Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn. 5 For der er stolar sette til domstolar for Davids hus. 6 Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg! 7 Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar! 8 For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!» 9 For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.

< Salmenes 122 >