< Salmenes 120 >

1 Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg. 2 Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga! 3 Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga? 4 Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska. 5 Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld! 6 Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred. 7 Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.

< Salmenes 120 >