< Salmenes 12 >

1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David. Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni. 2 Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei. 3 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord, 4 deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?» 5 «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg, » segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.» 6 Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt. 7 Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid. 8 Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.

< Salmenes 12 >