< Salmenes 119 >

1 Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov! 2 Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta, 3 dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar. 4 Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel. 5 Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter! 6 Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord. 7 Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar. 8 Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg. 9 Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord. 10 Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord! 11 I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg. 12 Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter! 13 Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn. 14 Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom. 15 På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar. 16 I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord. 17 Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord. 18 Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov! 19 Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg! 20 Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid. 21 Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord. 22 Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på. 23 Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter. 24 Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar. 25 Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord! 26 Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter! 27 Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under. 28 Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord! 29 Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov! 30 Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg. 31 Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar! 32 Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta. 33 Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes. 34 Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta. 35 Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg. 36 Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning! 37 Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg! 38 Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg! 39 Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode. 40 Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd. 41 Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord! 42 Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord. 43 Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg. 44 Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid. 45 Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner! 46 Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar. 47 Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar. 48 Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter. 49 Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von! 50 Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live. 51 Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike. 52 Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta. 53 Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov. 54 Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand. 55 Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov. 56 Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter. 57 Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord. 58 Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!» 59 Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål. 60 Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord. 61 Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt. 62 Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover. 63 Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner. 64 Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter! 65 Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord. 66 Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord. 67 Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord. 68 Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter! 69 Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner. 70 Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov. 71 Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter. 72 Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv. 73 Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord! 74 Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg. 75 Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned. 76 Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar! 77 Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst. 78 Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner. 79 Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål! 80 Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar! 81 Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord. 82 Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?» 83 For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje. 84 Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg? 85 Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov. 86 Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg! 87 Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner. 88 Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn. 89 Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen. 90 Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend. 91 Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar. 92 Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud. 93 I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live. 94 Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter. 95 På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg. 96 På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt. 97 Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke. 98 Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim. 99 Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål. 100 Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på. 101 Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord. 102 Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp. 103 Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min. 104 Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig. 105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig. 106 Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover. 107 Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord! 108 Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar! 109 Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt. 110 Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt. 111 Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda. 112 Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes. 113 Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg. 114 Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg. 115 Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord! 116 Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von! 117 Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter. 118 Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd. 119 Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål. 120 Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg. 121 Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg. 122 Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg! 123 Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord. 124 Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter! 125 Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål! 126 Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov. 127 Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull. 128 Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig. 129 Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim. 130 Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke. 131 Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg. 132 Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn! 133 Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg! 134 Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner. 135 Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter! 136 Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov. 137 Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar. 138 Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap. 139 Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord. 140 Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det. 141 Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt. 142 Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning. 143 Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst. 144 Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva! 145 Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på. 146 Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål. 147 Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord. 148 Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord. 149 Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar! 150 Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte. 151 Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning. 152 Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva. 153 Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt. 154 Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord! 155 Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter. 156 Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar! 157 Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike. 158 Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord. 159 Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn! 160 Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov. 161 Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord. 162 Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang. 163 Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska. 164 Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar. 165 Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall. 166 Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde. 167 Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje. 168 Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn. 169 Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord. 170 Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord! 171 Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter; 172 Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd. 173 Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut. 174 Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst. 175 Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg! 176 Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.

< Salmenes 119 >