< Salmenes 114 >

1 Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga, 2 då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike. 3 Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende. 4 Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb. 5 Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende? 6 de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb? 7 For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn! 8 Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.

< Salmenes 114 >