< Salmenes 110 >

1 Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!» 2 Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar! 3 Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden. 4 Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» 5 Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest. 6 Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord. 7 Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

< Salmenes 110 >