< Salmenes 101 >

1 Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova. 2 Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus. 3 Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg. 4 Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av. 5 Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola. 6 Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg. 7 I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine. 8 Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

< Salmenes 101 >