< Salmenes 100 >

1 Ein lovsalme. Ropa med frygd for Herren, all jordi! 2 Ten Herren med gleda, kom fram for hans åsyn med fagnad! 3 Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder. 4 Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn! 5 For Herren er god, hans miskunn varer æveleg, og hans truskap frå ætt til ætt.

< Salmenes 100 >