< Salmenes 1 >

1 Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, 2 men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. 3 Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med. 4 Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt. 5 Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige. 6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.

< Salmenes 1 >