< Salomos Ordsprog 23 >

1 Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg, 2 og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor. 3 Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda. 4 Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din! 5 Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels. 6 Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat! 7 For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg. 8 For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord. 9 For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord. 10 Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause. 11 For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg. 12 Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord! 13 Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy. 14 Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim. (Sheol h7585) 15 Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta, 16 og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er. 17 Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom. 18 For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes. 19 Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen. 20 Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt. 21 For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde. 22 Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall! 23 Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit. 24 Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han. 25 Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast. 26 Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine. 27 For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen, 28 ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk. 29 Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo? 30 Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden. 31 Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned. 32 Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm. 33 Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv. 34 Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri. 35 «Dei slo meg, men det gjorde’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»

< Salomos Ordsprog 23 >