< Salomos Ordsprog 20 >

1 Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis. 2 Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel. 3 Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til. 4 Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda. 5 Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp. 6 Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på? 7 Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom. 8 Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine. 9 Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?» 10 Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren. 11 Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett. 12 Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo. 13 Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette. 14 «Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg. 15 Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap. 16 Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande! 17 Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein. 18 Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig! 19 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med. 20 Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret. 21 Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning. 22 Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg. 23 Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god. 24 Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg? 25 Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå. 26 Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim. 27 Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta. 28 Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik. 29 Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår. 30 Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.

< Salomos Ordsprog 20 >