< Salomos Ordsprog 2 >

1 Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg, 2 so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet, 3 ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet, 4 leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar, 5 då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna. 6 For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit. 7 Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande, 8 med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne. 9 Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg. 10 For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl, 11 yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg 12 og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals, 13 dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar, 14 dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt, 15 dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. - 16 Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord, 17 som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt. 18 For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber. 19 Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar. 20 Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast; 21 for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att, 22 men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.

< Salomos Ordsprog 2 >